Stemningsrapport frå haustmøte i SørVest krins

03.11.2023

Torsdag 2. november arrangerte TTF SørVest haustmøte og årsmøte hos Seilmaker Iversen AS.

Vi blei godt tatt imot av Magne Iversen, 5. generasjon seglmakar.

Magne fortalde med stor innleving om bedrifta si historie og produksjon.

I dag har bedrifta 15 tilsette, i tillegg til eit dotterselskap i Tønsberg med tre tilsette.

Bedrifta omset for 30 millionar i året og har vore gjennom økonomiske nedgangstider, utan å gå konkurs, og økonomiske oppgangstider, utan å bli rik (sitat Magne).

Seilmaker Iversen lagar ei rekkje spanande produkt som segl (naturleg nok, men er ein liten del av produksjonen), transport- og lagerbeskyttelse, subsea-utstyr, oljevernutstyr, våpentrekk, kanontrekk, skiljeveggar, paraboltrekk (signala blir forstyrra av nedbør), vindpølser, i tillegg til spesialbaggar og vesker, dette berre for å nemne nokre av produkta.

I starten blei produkta laga i lin og bomull. På 60-talet kom syntetiske alternativ for fullt og Iversen la om produksjonen til alternativ som nylon og polyester. Fibrar som ikkje trekk til seg vatn og er formstabile. I tillegg tok dei i bruk PVC (polyvinylklorid). PVC gav nye moglegheiter for samanføying i form av sveising. Sveisinga er høgfrekvent radiobølgesveis som sendast gjennom to materiale, og gjer sveisen 100 % tett og like sterk som duken. I starten resulterte radiobølgene at lyset slo seg på og radioen byrja å spele. I dag er maskinene vidareutvikla og har godt strålevern.

Iversen kan vise til produksjon av ei rekkje spanande produkt som er mindre kjent for allmennheita, blant anna ei 8 meter høg solbærsirupflaske, fylt med luft, ikkje saft. Eit sjøløvetelt, for å gjere transport av sjøløve til Kina meir skånsam for dyret. Forskarane på Svalbard kan takke Iversen for god sikkerheit, da dei fikk levert eit isbjørnsikkert telt og Kongen kan takke Iversen for tørr romaskin og spinningsykkel på Kongeskipet.

Tusen takk til Magne Iversen for at vi i TTF SørVest fekk kome på besøk for å lære meir om den spanande reisa til bedrifta.