Stemningsrapport frå Mjøsvågen

07.07.2023

Nokre stader og menneske har ei eiga evne til å skape velvære og god stemning.

27.juni var ein slik dag.

Kvilepulsen kom og senka skuldrene.

I ein nydeleg kveld i vakre Mjøsvågen landa me på @dengronefabrikken

Blank våg mot brygga fylt med smil og gjensynsglede, god prat og nye tekstilvener.

Og dei som i enden av brygga varma seg i @flabellinabadstu og flytande kunst.

Klirrende lydar av nydeleg tapasmåltid og god summing i gamle møbelfabrikklokaler.

Lars Magne Bysheim tok oss med på ei spanande reise i vågen, innom naust, produkter, og pågangsmot då og no.

«Her er eg litt kry fordi eg har begynt», fortalte kunstnar Else Karin Tysse Bysheim då ho viste fram bilete av seg sjølv foran raud ull.

Til inspirasjon for mange delte ho ærleg av si reise og tankar i kunsten.

Om å ta sats inn i det ukjente og at det er heilt greit at ideen blir noko anna til slutt.

Så landa kvelden i ei vandring i kunstutstilling, kunstprosjekt og kunstbutikk med lokale produkter medan vågen blenkte i solnedgongen.

Tusen takk til Lars Magne og Else Karin, og alle tekstilvener som skapte denne fine sommarfesten vår i går.

Til me treffast igjen - ein riktig god sommar til alle!☀️

Alle foto gjengitt med tillatelse av kunstnar Else Karin Tysse Bysheim @elsekarinkunst