TTF sommartreff i Mjøsvågen!

15.06.2023

Tirsdag 27.juni samlar vi alle TEKO-interesserte til TTF SOMMERTREFF i Mjøsvågen i Hosanger på Osterøy.

Den flytande kunstbadestova Flabellina er varm allereie kl.16 for dei som ønsker å starte her, med moglegheit for å kombinere varmen med eit friskt fjordbad.

Den Grøne Fabrikken ligg idyllisk til innst i Mjøsvågen med eige kunstutstilling og galleributikk.
Lars Magne Bysheim tek oss med på ei reise i industrihistorien i Mjøsvågen og Den Grøne Fabrikken, og kunstnar Else Karin Tysse Bysheim presenterer arbeidet sitt med ulike kunstprosjekt.
Det blir servert nydeleg lokal tapas og det blir gode moglegheiter for å senke skuldrane i ei kreativ atmosfære. Her blir det godt med tid for både inspirasjon og nettverksbygging i godt lag.

 

Program for kvelden:

16-17:30 Badestove for dei som ønsker det - husk påmelding 

16-18 Mingletid etterkvart som folk kjem til

18:00 Tapasmiddag

ca.19:30 Foredrag v/Bysheim og Tysse BysheimPresentasjon av kunstutstilling og open galleributikk 

ca.21:30 Vi takkar for oss:-)

Påmelding innan 23.juni til post@tekoteknisk.no eller på 95 14 19 78

Medlem 250,-Ikkje medlem 350,-   

Badstu 100,- husk å oppgi v/påmelding

Alle med tekstilinteresse er velkomne, og medlemmar frå begge kretsar er sjølvsagt hjarteleg velkomne!

Ser fram til å sjå deg og samlast til tekstilprat igjen!


Mvh kretsstyret i Tekoteknisk Forening SørVest


PS. ØNSKER DU Å BLI MEDLEM? Ta kontakt med vår hyggelege sekretær Hanne Renate Garli😊 post@tekoteknisk.no eller 95 14 19 78

Sjekk ut dengronefabrikken.no som er både på Facebook og Instagram