Sommartreff i NordAust krins

26.06.2024

TTF, Nordaust krins hadde sommartreff på Valderøy og Godøy 13.juni.

Vi besøkte først E-design på Valderøy, der vi fekk eit veldig spennande og interessant møte med dyktige innehavar Elin Rørvik. Bedrifta hadde nyleg flytta til eige nybygg og samtidig samordna/ flytta avdelinga/bedrifta frå Hareid. Også butikken deira frå Skaret, Garn og interiør, var flytta til nybygget. Flotte og tjenelege lokaler.

Elin Rørvik og dattera tok vel imot oss og fortalte historia bakover i tid.

Det er Sunnmørsbunadane dei konsentrerer seg om, dame og herre. Dei kan også lage den sunnmørske folkedrakta, som vi fekk sjå, på bestilling.

Aller mest er det bunadstilvirking av Ørskogbunaden dei driv med. Men vi fekk også sjå den vakre Vigrabunaden som skil seg mest frå de elleve Sunnmørsbunadene. Den kan dei også framstille på bestilling. Det må måltaking til før dei kan starte tilvirking av ein bunad. Best er det å ikkje halde pusten...

Ane, som også er bunadtilvirkar, var modell då vi fekk sjå den imponerande folkedrakta, kun håndsaum på den. Elin viste også alle bunadskjortene i tellesaum som ho leverte. Hun hadde sjølv laga mønster på millimeterpapir til tellesaumen på Vigraskjorta, fascinerande!

Tida gikk fort og vi takka for oss og kjørte til Godøya kor Sidsel Colbiørnsen held til. Hun driv med biletevev og er ein anerkjent kunstnar. Materiala ho bruker er i hovudsak ull fra spelsau. Til visse effektar bruker ho kunstfiber. Tidlegare farga hun garnet sjølv, men kjøper no på Rauma og Selgren. Hun viste oss eit fargekart av talrike nyansar.

Ho klarte, med full innsats, å lage fire arbeid per år. No for tida, treng hun lengre tid, ho er født i 1942!

Ho startar designprosessen med å lage ei lita skisse eller ein prøvevev i miniatyr. Så kopierer ho ein mal i full storleik som ho festar bak renningtrådane som ho arbeider etter. Ho har ikkje rennebom, men lager seg et system i atelieret som fungerte. Hun bruker lin eller bomull til renning, tjue tråder pr ti cm.

Ho har sitt eige atelier ved sidan av bolighuset deira. Ho er gift med Ørnulf Oppdahl, kjent kunstmaler som også har sitt atelier på eigedomen, nærare sjøen.

Sidsel hadde det meste av dei nye arbeida sine, i ei utstilling på Soli Brug, ved Fredrikstad. Denne gongen stiller ekteparet ut i lag.

Sidsel fortalte at det er ei utfordring å veve når arbeidet blir rulla opp på bom, og det er ikkje mogleg å sjå det ferdige resultatet før hun klipper det ned. Ein malar kan male over det han ikkje er fornøgd med.

Vi ønska dei lykke til med utstillinga og takka for oss med større respekt for flere håndverksfag👍

Møtet ble avslutta på Braud og Bollar på Valderøya. Der venta oss nydelig pizza og hyggelege samtalar + ein bursdagssong!

GOD SOMMAR!